Villrein og hyttebygging

Villreinen sitt leveområde er under press frå mange kantar, men kanskje verst er nedbygginga som fører til permanent reduksjon av leveområde. Hyttebygging er ein av dei største truslane, og det er nettopp til hyttebygging kommunane har sett av mest areal i åra som kjem. Tru det eller ei – meir enn til vindkraft, vegar, bustadbygging, byutvikling og annan næring (NINA). Mykje av dette skjer i randsona, med stor ferdsel inn i viktige villreinområde. Ferdsel er som kjent svært vanskeleg å regulere.

I tillegg er mange artar avhengige av randsonene, der tregrensa og andre vêr- og snøforhold gir livsviktige ressursar.

Mange saker blir no hasta gjennom i kommunane før eventuelle nye føringar og tiltaksplanar kjem for villreinområda. Kommunane har fått signal om å stramme inn allereie no, og desse sakene framstår som prøvesteinar på om lokaldemokratiet er i stand til å forvalte dei nasjonale interessene knytt til villreinen.

Vinje kommune, som er medforvaltar av villreinområda Hardangervidda, Brattefjell-Vindeggen, Setesdal Austhei og Setesdal Vesthei, behandla nyleg ei sak der dei tillét fortetting heilt opp til villreinen sine leveområde. No har dei ei ny sak under behandling med over 235 nye hytter, i tillegg til 117 hytter i planreserve i Vågslid, som ligg tett opp til to av Noregs største villreinområde. Området har høgt utvikla infrastruktur for fotturisme og vinteraktivitetar og ligg ikkje langt frå der DNT også har si største hytte, Haukeliseter.

Har ditt lokale villreinområde utbyggingar som er under planlegging eller handsaming? Korleis engasjerer du deg, eller kvifor gjer du det ikkje?

På biletet ser du strekar som representerer ferdsel; jo lysare farge, dess høgare ferdsel. Her ser ein at ferdselen er svært høg trass konsentrert bygging, og at fortetting slett ikkje er villreinvennleg. (Foto: Strava Heatmap)