Lesetips: «Det året eg vakna»

Omtale av «Det året eg vakna», Sigri Sandberg, Det Norske Samlaget 2025
Tekst: Guri Sørumgård Botheim, La villreinen leva!

Sigri Sandberg har skrive ei nydeleg og inspirerande forteljing om frykt, avmakt og engasjement. Om snø, ein skummel isbjørn, om ein båt, om dyrking og årstider.

Boka startar med eit innbrot. Mannen til Sigri bur delar av året i ei jakthytte på Svalbard, og ein isbjørn har vore inne i hytta og romstert. Når Sigri er på besøk, gjer den luskande isbjørnen ho redd. Eg liker måten boka skildrar naturen, ikkje berre som vakker, men òg som farleg. Isbjørnen oppsøkjer Sigri i drømmane.

«I det siste har eg ikkje sove godt, og då blir eg irritert, og undergangskjensla og redsla blir sterkare» (s. 38).

Boktittelen har fleire tydingar: Sigri vaknar om natta og grublar. Ho vaknar opp frå feigheit og manglande kunnskap. Gjennom eitt år les ho seg opp og prøver å forstå krisene og endringane i naturen. Undertittelen på boka er «Kva skjer med naturen – og oss?»

«Menneska utgjer no 36 prosent av alle pattedyr sin samla biomasse. Husdyr utgjer 60 prosent, og då er det ikkje meir enn fire små prosent att til dei ville dyra (…) Det finst mange forklaringar på tap av biologisk mangfald: Hovudårsaka er tap av leveområde, 75 prosent av alle landområde i verda er betydeleg omdanna av menneskeleg aktivitet» (s. 65–66).

Å ta innover seg all denne informasjonen gjer at forfattaren blir handlingslamma og nedtyngd. Sjølv om det er vondt å lesa dette, er det samtidig trøystande og meiningsfullt å få ta del i tankane til nokon andre som er bekymra.

Boka kjem tett innpå vårt eige engasjement i La villreinen leva! Sigri Sandberg intervjuar Rigmor Solem, som er styremedlem i La villreinen leva!, og boka formidlar kunnskap om situasjonen til villreinen.

«Tusenvis av hytter ligg tett inntil og i villreinen sitt område, og utfart og utbygging, stiar og turisthytter, togliner og vegar snevrar inn kor dyret kan bevege seg, og gjer at dette urdyret vårt ikkje har det bra og har hamna på raudlista, det òg. La villreinen leve» (s. 144).

Sigri skapar eit håp, ei kraft, eit nytt språk.

«Eg skal sanneleg gjere mitt, slipe verktøy og samle krefter, kvesse blyanten» (s. 172).

Det er ei oppfordring til oss alle.