Klima- og miljødepartementet har no presentert tiltaksplanane for villreinområda Knutshø, Snøhetta og Rondane. Vi hadde håpa på kraftige grep og ein redningsplan for å sikre villreinens framtid, men i staden har vi fått ein plan med så store manglar at departementet rett og slett innrømmer at ein ikkje vil nå dei statlege måla.
Sitat frå høyringsnotatet: «Overordnet vurderer departementet at tiltaksplanene som foreslås vil ha liten mulighet til å stoppe den negative utviklingen for villreinen i Knutshø, Snøhetta og Rondane villreinområder innen 2030. (…) enkelttiltak eller tiltakspakker har blitt mindre kraftfulle enn det hensynet til villreinen ideelt sett ville tilsagt».
Kvifor lagar ikkje departementet ein plan som er kraftfull nok til at dei trur på han sjølv?
For Rondane er situasjonen spesielt alvorleg
I høyringsdokumenta innrømmer departementet at tiltaka ikkje er sterke nok og at det er liten sjanse for å oppnå middels god kvalitet på villreinbestanden innan 2050. Samtidig fjernar departementet dei sterkaste tiltaka ekspertgruppa tilrådde – utan å foreslå nye tiltak som kan vege opp for dette.
Med andre ord: Andre interesser har blitt prioritert framfor villreinen, sjølv i denne planen som skulle redde han.
Når staten på førehand seier at Rondane knapt kan reddast, samstundes som dei svekkjer tiltaka, er det vanskeleg å tolke det som noko anna enn ei stille kapitulering. Det er berre nitrist.
For Snøhetta og Knutshø er tiltaka betre, men ikkje sterke nok
Enkelte reguleringar av ferdsel er på plass, men dei største og viktigaste tiltaka for å gjenskapa samanhengande villreinområde – som tunnelar, nasjonalparkutvidingar og klare arealrestriksjonar – er utsette eller droppa.
Ingen statlege midlar til gjennomføring av tiltaka
La det synke inn: Tiltaka som no er foreslått, kviler på at kommunane og private aktørar tek rekninga. Utan pengar til oppfølging kan mykje bli ståande på papiret, medan utbygging og ferdsel held fram som før.
Sterkare styring av ferdsel er erstatta med informasjon
Det er positivt at nye regelverksprosessar skal greiast ut, men utan konkret oppfølging risikerer vi at alt blir med praten.
DNT og friluftslivet blir påverka, men slepp unna større endringar
Faggrunnlaget foreslo strengare regulering av ferdsel, fleire hytterestriksjonar og fjerning av fleire stiar og hytter i sårbare område – men dette er svekka eller fjerna.
Kommunane får ansvaret, men utan nye verktøy
Ingen klare krav om å stanse hyttebygging i og kring villreinområda. Vi kan håpe på endringar når nye statlege planretningslinjer for klima og arealbruk kjem 11. mars 2025, men inntil vidare er det opp til kommunane sjølve.
Departementet ser behov for endring – men nokon andre får ordne opp i det …
Sitat: «Å stoppe dagens negative utvikling for villreinen vil over tid kreve tydeligere prioriteringer av hensynet til villrein opp mot andre samfunnsinteresser enn tiltaksplanforslagene som er foreslått alene.»
Med andre ord: Vi veit at planen ikkje er sterk nok – men vi legg ikkje inn dei tiltaka som trengst likevel.
Vi ser tre hovudproblem i tiltaksplanane:
For lite statleg styring. Det er kommunane som får ansvaret for arealforvaltninga, utan at staten legg klare føringar eller stiller krav.
For mange frivillige tiltak. Kritiske grep som ferdselsreguleringar og arealrestriksjonar er gjort frivillige eller baserte på oppmodingar, ikkje påbod.
For få konkrete tiltak for å sikre villreinens areal og trekkpassasjar. Store tiltak som tunnelar og andre grep for å binde saman leveområda er ikkje med.
Vi må stille krav i høyringsrunden!
For at tiltaksplanane skal fungere, må regjeringa: Sikre betre arealforvaltning gjennom konkrete krav, ikkje berre oppmodingar.
Setja av statlege midlar til å gjennomføre tiltaka – elles blir planen verdilaus.
Sikre trekkpassasjar og leveområde med tydelege tiltak, ikkje berre håp om betre frivillige løysingar.
Høyringsprosessen er vår moglegheit til å styrke planen!
Bli med på høyringsprosessen – vi må mobilisere!
Villreinen har ingen stemme. Men vi har. Vi gjer dette for dei.
Foto: Asle Øydvin