Tekst og foto: Bjarte Hestdalen

Fjellet er mi kyrkje. Vinden mitt preludium. Jorda min lovnad.
Når alt rasar, står fjella att.
I fjella, der vinden syng fritt og jorda ber minnet om tida som rann, har dei tusen føter gått, leia av simla – stolt og sann. Det som for mennesket kan verke som eit kvitt øde, er i røynda ein mosaikk av liv. Frå lav og mose til vengjer som flyg, frå spor i sno til usynlege rørsler i ur og stein. Alt føyer seg saman i eit samspel som har vakse fram gjennom titusenar av år.
Her tel ikkje gull, og pengar er ingenting verd. I dette landskapet lar lite seg korrumpere, for stormen bryr seg ikkje om makt eller mynt, og berre den som kjenner fjella, veit vegen.
Her krevst audmjuke val og store ord fell til stein. I reinsdyrflokken er det ingen plass for hovmod, ingen som krev meir enn dei treng. Her er den menneskelege eigenkjærleiken bytt ut med trekk frå aust, vest, nord og sør, drege av vêr og årstid, ei rørsle som alltid handlar saman – utan krav om rikstilhøyrsle. Som furer i eit landskap ligg stiane der og formar fjella sitt andlet. Og i varmen frå dei sørvendte liene smeltar vår kjærleik til naturen og våre grunnverdiar saman. Bekkar og livårer slår seg saman, renn frå fjell til fjord, gjennom bygd og by.
Me står alle der no, saman med reinsflokken, aleine i vinden og lyttar. Me har vore her før, men spora er borte.
Aust om fjella ruvar faretrugande myrkre skyer og langt der i vest ligg tåka tjukk som graut. Utanfor varmen står dei – fulle, rasande kongar, slitne av eiga lyst, utan vilje til å sleppe ho, som ein keisar i filler. Dei ropar, krev, trugar og lokkar, men finn ikkje vegen inn. I det som dei ikkje lenger forstår – i fellesskapet som dei sjølv har rive i sund. Kreftene svingar mellom storm og stillstand, mellom vald og vegring, og i skuggane står dei, som enno hugsar det gamle, dei som veit at ingen kan herske over fjell og vind.
For sanninga bur ikkje i maktas ord, men i landskapet som ber spor etter dei som var her før oss. Ho finst i elva som rispar seg djup i stein, i snoen som smeltar i handa, i blikket som møter eit anna utan frykt, på stien som vert trakka saman.
Det som er sant, kan aldri eigast, berre delast.
Som ein orm kvever grådigheita kloden, bit seg i halen og et seg sjølv opp. Det er då me skal lytte til fjella, vatnet, skogen og havet. Til stormane, til det som alltid har vore her. Det er her ein finn kva som verkeleg hender.
Me vernar det ville, deler det vakre og elskar det levande – ikkje fordi det er vårt å eige, men fordi me høyrer til.
Og berre i lag har me rygg til å bera det vidare. Om me finn spora.