Friluftslivet – det enkle og tradisjonelle?

Tankar ved inngangen til Friuftslivets år 2025
Av: Rigmor Solem

No står vinterferien og påska for tur i fjellheimen, og DNT og andre som driv tilbod om overnatting lokkar med ro, stillheit og kvite vidder. Når vi veit at desse tilboda representerer nedbygging og fører til uro i naturen, kan ein lure på om friluftslivet  har mista si truskuld?

Den engelske fjellmannen William Cecil Slingsby (1849–1929) turnerte rundt i den norske fjellheimen i fleire tiår. I boka «Norway the Northern Playground» i 1903 skildrar han Norge som den nordlege leikeplassen. I ettertid vart Slingsby kalla den norske tindesportens far. I Vest-Jotunheimen er han best kjent for å vere førstebestigar av sjølvaste Store Skagastølstind (Storen) i 1876. Var det kanskje allereie da at det enkle norske friluftslivet mista si truskuld? Eit friluftsliv som er samanlikna med fjellbjørka. Ein metafor der det same lyse, lette og enkle preget kjenneteiknar begge. Eit friluftsliv først skrive ned av Henrik Ibsen i diktet «På Vidderne» i 1860 der han fortel at han på ein krakk framom grua i ei seterstove langt inne på vidda endeleg fekk «friluftsliv for mine tanker».

Villreinen var nær utrydda

Slingsby var ikkje berre tindebestigar, men også ein ivrig jeger ilag med lokale karar. Moderne våpen gjorde jakta meir effektiv på denne tida. Dei lokale jegerane var ofte fattige husmenn og lauskarar som jakta villrein året rundt for å overleve. Villreinkjøt var den gong føde for fattigfolket kan ein lese i bygdebok for Valdres, og det førte til ei overbeskatning og nær utrydding av villreinen. Dette førte til ei totalfredning i åra 1902–1906.

Frå fjellbjørkeskog til apparatlandskap

I vår tid er det andre dramatiske hendingar som truar villreinen i deira leveområde. NRK har i det siste sett søkelyset på fleire tital tusen inngrep i naturen dei siste 5 åra der dei fleste er sett i gang utan at politikarane visste kva dei gjorde. Mange av inngrepa er i eller i nærleiken av dei 24 villreinområda våre. Kommunane har nærmast konkurrert i planlegging og utbygging av små og store hyttefelt i fjellbjørkeskog opp mot snaufjellet.

Fjellbjørkeskogen er ein sjeldan naturtype i internasjonal samanheng. Den har eit rikt biologisk mangfald og viktig for mange av høgfjellsartane. Ikkje minst kan reinen finne hengjelav på fjellbjørka dersom snaufjellet er isete eller snøen for hard og vinterbeitet sviktar. Når eit område med fjellbjørkeskog blir regulert til hyttefelt, blir alle artane som lever i området skadelidande. Når hyttene fyrst er bygd, vil hyttefolket ut på tur i skog og fjell i mils omkrets. Etter at lokale handverkarar har gjort jobben i sjølve hyttefeltet, tek stitilretteleggarane og løypemaskinene over, på kryss og tvers året rundt. Den norske filosofen, fjellklatraren og forfattaren Peter Wessel Zapffe (1899–1990) ville nok ha sagt at maskinene gjer om skog og fjell til «Die Norwegische Apparatlandschaft». Ei urbanisering av landsbygda for at hyttefolket skal kunne drive friluftsliv.

Villreinflokk ved hyttefelt. Foto: Asle Øydvin.

Når naturen blir eit moteshow

Seniorforskar ved Institutt for friluftsliv ved universitetet i Sør-Aust-Norge Per Ingvar Haukeland har omtala den moderne fritidsbruken på følgjande måte: «Naturen har nærmast blitt et moteshow og stiene en catwalk». Haukeland slår eit slag for naturoppleving i nærmiljøet. Han seier: «Løsningen er å lete etter de kortreiste naturopplevelsene, og reparere utstyret man allerede har». Generalsekretær i Norsk Friluftsliv Bente Lier har sagt noko av det same ved starten på Friluftslivets år 2025: «i Friluftslivets år er målet at alle skal finne sin friluftsglede». Lier håpar vidare alle vil bruke året til å utforske eigen nærnatur. Ei programerklæring som både er berekraftig og positivt for økosystemet i villreinfjellet.

DNT og fjellet

I EKKO på NRK P2 13 januar vart DNTs leiar for natur og berekraft, Ingeborg Wessel Finstad intervjua om nasjonalparkane og deira betydning. DNT er ein stor aktør i mange av nasjonalparkane våre med sine små og store turisthytter samt merking og varding av turstiar. Mange av nasjonalparkane er også leveområde for villrein. Wessel Finstad seier at DNT har ei rolle i å kanalisere ferdselen til område der naturen tåler det best. Her er det nok ikkje DNT men Nasjonalparkforvaltningen som gjennom forvaltningsplanar og besøksstrategiar har laga retningsliner og føringar for kanalisering av ferdsel. Eit eksempel frå Jotunheimen er nedlegging av to T-merka turstiar i Vest-Jotunheimen sist på 90-talet som ein følge av den første forvaltningsplanen for Jotunheimen nasjonalpark. Her var omsynet til villrein eit hovudargument for Nasjonalparkforvaltningen. I Rondane nasjonalpark er T-merka stiar lagt ned eller lagt om og eit par mindre turisthytter er flytta eller nedlagt. Dette er også eit resultat av vedtak gjort av Nasjonalparkforvaltningen og villreinforvaltningen.

Kva så med det enkle og tradisjonelle friluftslivet som DNT hevdar dei er tilretteleggar for? Og kva med balansen mellom bruk og vern i nasjonalparkane som Wessel Finstad seier er ein viktig leveregel for DNT? Vi står no framføre ein ny vintersesong  der folk skal ut i fjellheimen og nasjonalparkane på vinterferie og påskeferie. DNT lokkar med opne  turisthytter og eit nettverk av kvista løyper. Mange av dei store, betjente turisthyttene ligg langt inne i nasjonalparkane, midt inne i vinterbeitet for villreinen. I god tid før hyttegjestane kjem har snøskutrar og gjerne helikopter vore i sving i dagevis for å tilrettelegge for vinterdrift. Dette gjeld dei store turisthyttene i Jotunheimen, i Rondane og på Hardangervidda. Kan dette kallast økologisk berekraft? Og når ein veit at mange av desse hyttene har ganske få besøk, med berre 150–200 gjestar for Skogadalsbøen i Vest-Jotunheimen sin del, så kan det ikkje vere snakk om økonomisk berekraft heller. Vinterdrift fører til at hyttene blir utsett for stor slitasje og risiko for frost- og vasskadar. Røyrleggarar og andre handverkarar må fraktast inn og ut. Energibruken er stor og ofte er det diesel som blir brukt. Samanlikna med sommardrift er energibruken 10 gong så stor pr overnatting om vinteren.

Det spørst om vinterdrift av dei store turisthyttene er ein tradisjon som med fordel bør revurderast dersom DNT skal påberope seg å vere ein miljøorganisasjon.

Av: Rigmor Solem, tidlegare fjelloppsyn og naturoppsyn på Hardangervidda og i Jotunheimen, styremedlem i La villreinen leva!