Tekst: Bjarte Hestdalen, ein tidlegare versjon er publisert i årsskriftet Villreinen 2024
Lesetid: 15 minutt
Nedbygging av natur har kome inn i rampelyset, og det er tydeleg at staten og kommunane manglar kontroll. Eller er det ein villa politikk?
Etter langt arbeid er tiltaksplanar no overleverte til klima- og miljødepartementet og skal vidare ut på høyring. No er det dei folkevalde «skodespelarane» som skal handtere saka. Bak sceneteppet jobbar næringslivet som forfattar, sufflør, regissør, scenearbeidar og sminkør. Scena er sett, og publikum ventar i spenning på kva som kjem ut i andre enden. Kva tiltak er gjennomførbare, kor mykje vil dei koste oss?
Bjella(nd) på katten
I villreinsamanheng er det eit faktum at mange kjempar for sine særinteresser både i villreinområda og i forvaltning av dyra. Derfor er det naturleg at endringar i villreinpolitikken også vil generere motstand. Problemet oppstår når ein må handtere denne motstanden med mål om reell endring i levevilkår for villreinen.
Alle villreinområda har si eiga unike historie med tilhøyrande tradisjonell bruk. Med endra folketal, forbruk og fritid har aktiviteten endra seg, og på kort tid ser ein at folk knyttar seg til ny bruk og kallar det tradisjon. Eksempel kan vera motorisert ferdsel, kiting, sykling, løping, randone, packrafting m.m. Mykje av aktiviteten no om dagen kan vere lett og billig å endre, som stiar og løyper. Annan aktivitet er invaderande og irreversibel, som hyttefelt, tilrettelagde stiar, vegar, oppdemde vassdrag og kraftproduksjon. Sjølv om dei fleste brukarar og eigarar av villreinområda er einige om at villreinen treng hjelp, er det mykje motstand ved spørsmål om å gje opp eigen bruk. Noko av dette skuldast økonomi, eigen lyst, men også ut frå oppfatninga av at det er eit gap mellom individuell bruk og storpolitikkens arealbruk i og kring villreinområda. Bjella må «hengjast på katten», og kven politikar tør ta den jobben?
Bjella må «hengjast på katten», og kven politikar tør ta den jobben?
Kommunal sjølvråderett for nybyrjarar
Kommunalt sjølvstyre i Noreg vart offisielt grunnlovsfesta i 2016, men har ei lang historie.
Frå å ha vore under statleg kontroll, har kommunane no større makt til å styre lokale forhold gjennom folkevalde organ. Dette vart tydeleg då Solberg-regjeringa reduserte talet på innsigelsar frå Statsforvaltar i 2013 og ytterlegare understreka i Hurdalsplattforma til noverande regjering.
Kommunane sine inntekter kjem hovudsakleg frå skatt, statlege overføringar og betaling frå brukarar av kommunale tenester. Skatt og statlege tilskot kan kommunane disponere fritt, medan øyremerka tilskot må nyttast til føremål bestemt av staten. Dei statlege overføringa utgjorde i 2023 ca. 32 %, og kommunane må sikre høg skatteinngang og andre inntekter for å balansere budsjettet. Om ein kommune ønskjer å forbetre tilboda for innbyggjarane, må det skje innanfor ramma av dei tilgjengelege økonomiske ressursane. Dette handlingsrommet varierer frå kommune til kommune og er ofte knytt til geografiske og naturressursmessige forhold.
Arealplanane er tett knytt til økonomiske avvegingar, og det er vanleg å sjå at kommunar endrar planar i stor grad. Dette fører ofte til nedbygging av naturressursar, noko som skapar utfordringar i natur- og arealspørsmål der både kommune og stat må samarbeide for å oppfylle lovar og reglar. Til tross for felles mål, kan det oppstå friksjon på grunn av ulike oppfatningar og kunnskap om naturvern og kommunens økonomiske behov. Dette er ei utfordring i mange kommunar, og syner behovet for at dei treng støtte og ein klar kontrollerande part som kan seia nei til inngrep i natur og villreinområde. I tillegg bør det sikrast økonomisk balanse i kommunane og gjevast insentiv for naturvern og arealnøytralitet, for å bevare verdifulle område for framtida.

Er villreinens utfordring eit synkande folketal i distrikta og bynes aukande behov for naturnærleik og ekte verdiar?
Kvar kvadratmeter av villreinens leveområde ligg i ein kommune
Urørte område langs kysten og fjellets tregrense er sjeldne, rike på biologisk mangfald og populære for menneske og dyr. Ved å fragmentere store område og endre bruken, mister me verdifulle kvalitetar. Kommunane kan vise til unike landskap, historie og tradisjonar knytt til villreinen. Men når desse områda seljast eller brukast til andre formål, går verdien tapt.
Arne Johan Vetlesen seier at vår tids språk er nyttens språk og det einaste som har rett til å tale. Ein må koma med mange gode grunnar for kvifor ein skal bevare eller verne artar eller område. Unytte eller uvit om eventuell nytte fører såleis til at areala blir omforma eller teken i bruk til det ein kjenner og det som kan gje gevinst no. Slik sett veit me allereie mykje om villrein, men ennå lite om potensielle tenester den og økosystemet rundt kan levere i framtida.
Mange kommunar har i dag vanskar med å seta grenser for sine respektive næringar ut frå det som blir presentera inn i kommunens planarbeid. Det kan vera hyttenæring, reiseliv og turisme, skogdrift, samferdselsprosjekt, utmarksbønder og kraftprodusentar. Det er òg vanskeleg å vurdere summen av kvart enkelt tiltak, og det krev både tid og kunnskap for å framskrive konsekvensar.
Villreinens utfordringar og utvikling
Mange distriktskommunar opplever eit synkande folketal og ein aldrande befolkning. Utvikling vert ofte knytt til vekst og suksess, der ein forventar auka økonomi og betre tenester. Desse forventningane kan i nokre høve vera rimelege, men krev at ein omgjer ressursar til pengar, noko som oftast skjer på bekostning av våre finaste naturområde.
Kjærleik, fellesskap, og kontakt med natur og dyreliv er like viktig som økonomisk velstand.
Stat og kommune har hovudsakleg ansvar for å møte innbyggjarane sine behov. Kjærleik, fellesskap, og kontakt med natur og dyreliv er like viktig som økonomisk velstand. Desse ikkje-økonomiske faktorane er avgjerande for tryggleik og livskvalitet, og er viktige for å skape meining i tilværet. Kultur og naturmiljø er høgst avgjerande for å halde folk buande i distrikta.
Investorar, både norske og utanlandske, ser verdien av å investere i eigedom, særleg i naturskjønne område. Desse områda tilbyr ein unik kombinasjon av by- og landliv, noko som tiltrekker både velståande grupper og turistar. Dei rikaste i verda er blant dei som forbrukar mest, og mange av desse bur i Noreg. Dette høge forbruket av naturressursar skapar skilnader i distrikta der fastbuande traktar etter same høge levestandard. Men det medfører også ein annan kultur i villreinfjellet.
Byggast landet, eller er me vitne til ei rekke serie-innbrot?
Det er kjent at mange villreinkommunar bygger ned områda sine med ein tradisjonell vekstfilosofi for å ha råd til lovpålagde tenester. Er dette ein villa politikk frå sentralt hald? Ein byter villreinområde mot økonomisk vinning her og no.
Det har blive bruka som argument at hyttebygging kring villreinområda er den største forflytting av pengar frå by til land, men alt tyder på at den lokale verdiskapinga er liten samanlikna med antall kroner som har passera gjennom kommunen. Det er stor skeivfordeling av økonomiske goder og negative konsekvensar. Det skapar store lokale interessekonfliktar mellom folk og i mange høve ser ein at hyttenæringa har høg representasjon i kommunestyre og slik får gjennom mykje av sine planar. Motivasjonen er store, sikre og umiddelbare utbytte.
Gjennomgåande er det få menneskje i lokalsamfunna som tener stort på denne typen næring, medan tapet fordelast på eit stort antall enkeltindivid. Det har vore vanskeleg å oppdage kva kvar enkelt tapar og derfor er motivasjonen for å ta til motmæle eller engasjere seg i politiske spørsmål liten. Villreinen er ikkje god å få auge på i utgangspunktet, og endå vanskelegare i dette politiske landskapet!
Utbygginga har skjedd raskt, utan gode planar og med sløv handheving av lovverket. Det er økonomiske band mellom konsekvensutgreier og utbyggar og markedet har i stor grad fenge operere fritt der statsforvaltarens vaktrolle ovanfor kommunane er sterkt redusera. Advokatane Holth og Winge meiner det har gått så langt at Grunnlova kan ha blive brote der §112 skal sikre miljøet, og sikre borgarane sin rett til miljøinformasjon.
Ein sterk lobbyverksemd, særleg frå arealkrevjande næringar, har påverka politiske avgjersler både nasjonalt og lokalt. USS, utmarkkommunanes samanslutning er eit eksempel på ein sterk pådrivar for vidare nedbygging av natur, som også ser villreinen som eit hinder for vellukka distriktspolitikk. Sjølv om praksisen er lovleg bør ein kvar innbyggar eller politikar spørje seg om det er ein kurs ein skal stø.
Det er tydeleg at lobbyverksemda ikkje stoppar med nedbygging i villreinens randsone. DNT, med sine 310 000 medlemmar, er ein av aktørane som også opererer i kjerneområda til villreinen.
Det spesielle er at dei i 2024 framleis reklamerer og kanaliserer folk til dei villreinområda me no arbeider for å skjerme. Det er målretta reklame på sosiale medier basera på kor du er. Bur du i Oslo vil du få meir reklame for turmoglegheitane i villreinområda enn om du oppheld deg i kanten av Hardangervidda eller Setesdal-Vesthei. Målgruppa i byane er stor og det framstår som om DNT har misforstae eit eller anna og er svært lite berekraftig. Dette gjer at dei per no ikkje er ein reell deltakar i bevaringsdugnaden. Det er rimeleg å lure på korleis dei vil bruke makta si framover. Det er ingen skam og snu!
Kva styrer handlingane våre: Etisk dissonans?
Etikk og moral får liten plass i økonomiske reknestykke eller i Plan- og bygningslova. Likevel står me overfor moralske dilemma når me ser konsekvensane av dagens bruk av villreinområda. Vi kan ikkje erstatte det som er tapt, eller gi framtidige generasjonar økonomisk kompensasjon for tap av naturarv og irreversible inngrep.
Jarred Diamond påpeiker at motstanden mot miljøvern i den vestlege verda ofte handlar om verdiar som har vorte forma tidleg i livet, utan at dei blir vurdert på ny. Det er smertefullt å forlate slike kjerneverdiar. Eit døme er bruken av norske hytter og utmarka, som er ein sentral del av vår nasjonale identitet. Bunad, nikkers, ski, kvikklunsj, flagg og villrein. Berre krydra med litt store hytter i hyttefelt i tregrensa, flott ny veg fram, skiløyper og heisar inn i og opp på fjellet, tilrettelagd sti, parkering, strava ruter for trening på flotte utilgjengelege instagramvennlege-stader og guida turar til topps. Korleis handtere denne dissonansen og spørsmålet er; når me skal gje avkall på denne historia og vurdere eigne verdiar?
Bunad, nikkers, ski, kvikklunsj, flagg og villrein. Berre krydra med litt store hytter i hyttefelt i tregrensa, flott ny veg fram, skiløyper og heisar inn i og opp på fjellet, tilrettelagd sti, parkering, strava ruter for trening på flotte utilgjengelege instagramvennlege-stader og guida turar til topps.
Motrørsler
Motrørsler kjem ofte frå frivillige organisasjonar som Naturvernforbundet, eller gjennom ulønna personleg engasjement, som me ser i Hytteopprøret. Dette oppstod i Vinje i 2021 og held fram med full styrke.
Jo meir kunnskap og innsikt folk får om dei økonomiske mekanismane og dei negative konsekvensane for lokalsamfunna og naturen, jo tydelegare vert det at den største verdioverføringa er frå land til by. Dette fører til ei aukande urbanisering og sentralisering av makt og ressursar, og ein ta-og-spring-mentalitet der villreinen og framtidige fastbuande blir sitjande att med svarteper.
Descartes sa det godt: me beskriv ikkje verda slik me ser den, men me ser verda slik me beskriv den. Dette betyr at forståinga av verda og våre handlingar skjer gjennom språket og kunnskapen me har. Når historia fortel korleis det politiske og økonomiske systemet sviktar naturen, trass i gode intensjonar, kan det leggje grunnlaget for eit godt og klokt lokalt sjølvstyre. Dette gjeld ikkje berre i kommunane, men òg hos alle som nyttar villreinområda.
Kva som vert rekna som skadeleg, avheng av kunnskap og endring av haldningar; me kastar ikkje søppel på tur, men tek det med heim. Ingen tvilar lenger på at oljesøl er skadeleg og uakseptabelt, men gruvedirektørar og stortingspolitikarar forsvarar framleis dumping av gruveslam i fjordane våre.
Kan nedvekst og vern vera gagnleg for distrikt og storsamfunn?
Arbeidsplassane og ressursane i distrikta er tett knytt til naturen. Visit-Noreg prøver no å fremje berekraftig reiseliv, men mange av dei same aktørane støttar likevel utvikling som går ut på auka bygging og inngrep. Ord som fortetting og arealeffektive bygg vert brukt for å framheve berekrafta.
Men slik utvikling, særleg med auka ferdsel inn i naturvernområde som eksempelvis Hardangervidda, Brattefjell-Vindeggen og Rondane, kan ikkje kallast berekraftig. Evig vekst på eit avgrensa område er ikkje mogleg, korkje i ein kommune eller på jorda. Det er overbeskatting på veg til det ulønnsame. Det som gagnar enkeltmenneske og kommunar på kort sikt, er sjeldan til beste for storsamfunnet, verken på kort eller lang sikt. Randsonene rundt villreinområda vert òg stadig viktigare med tanke på klimaendringar, der også reiselivet er aktivt.
Naturen og menneskeleg aktivitet har mange såkalla «vippepunkt». Eit slikt punkt for villreinen kan vere når over 30 personar kryssar ein sti kvar dag. På same måte kan kvaliteten på tilbodet frå reiselivet bli eit vippepunkt.
Rapporten frå Naturrisikoutvalet i 2024 påpeikar at finansiell stabilitet for reiselivet avheng av lokalpolitikk som tar vare på naturen. Dermed bør reiselivet sjølv vere ein pådrivar for slik politikk, også for eigne livsbetingelsar. Å restaurere inngrep i naturen i framtida vil vere langt dyrare enn å føre ein føre-var-politikk no. Dette utan å nemne den store utfordringa med matsikkerheit og sjølvbergingsgrad i ei usikker tid.
FNs ressurspanel rapporterte nyleg at me no forbrukar tre gonger så mykje som for 50 år sidan, og dette vil auke med 60 % innan 2060. Bygg og transport står for det meste av dette forbruket. Med Noregs høge forbruk, både av varer og natur, blir nedvekst eit aktuelt tema. Det vil seie at samfunnet gjer mindre av alt: mindre arbeid, mindre forbruk, mindre kjøp. Kanskje ville det vore naturleg om synet på natur og vekst endra seg, men dette er vanskeleg for små kommunar som allereie slit med inntektsrammer som dei opplever som urettferdige. Det ville truleg vore til beste for alle, spesielt villreinen, om likskapsteiknet mellom vekst og suksess vart viska ut.

Villreinen er ikkje god å få auge på i det politiske landskapet.
Kva vil villreinen vera verdt i framtida?
Avbøtande tiltak, som mange tilbyr, går frå økologi til økonomi, der villreinen ofte blir offer for balanseringa av budsjett. Dette er ei øydeleggjande logikk, sjølv om ho framstår som prisverdig.
Når ein diskuterer villrein og tiltaksplanar, er det mange kjensler i sving, og dei kan ikkje vurderast som sanne eller usanne. Dette kan føre til at nokre ikkje vil delta i bevaringsarbeidet. Mange har forlate sine tradisjonelle prinsipp og knytt seg til nytt i takt med resten av samfunnet. Men det er falskt å tru at naturen alltid vil vere der som ein kulisse for aktørane. Natur og dyreliv har ein eigenverdi, uavhengig av økonomisk nytte. Eigne livsprosjekt som ikkje samanfell med våre.
Problemet med kollektiv handling kan påverke bevaringsarbeidet for villreinen, der enkelte misforstår sin eigen rolle eller set feil verdi på villrein og leveområde. Det er ikkje berre Statens ansvar å styre bevaringsarbeidet vidare, men også å sørge for at alle forstår si rolle i tida framover.
Det må og vil høgst truleg bli forretningsmessig fordelaktig å vere miljøvennleg og ta omsyn til dyr, natur og lokale tradisjonar basert på kunnskap og kartlegging.
Neddiskontering av villreinen
Å ikkje gjere drastiske grep for villreinen og dei biologiske leveområda vil vera å underestimere verdien av villreinen for framtida, særleg med tanke på dagens helsesituasjon.
Nærnatur og forståing av seg sjølv i eit større system kan styrke immunforsvaret mot negative endringar og gjera både individ og gruppe meir robuste. Naturen leverer mange tenester som har både augneblinkens gevinst og evig nytte. Det vil alltid vera ein kamp å tøyle menneskets ubegrensa appetitt på pengar og ressursar, og i vidare bevaringsarbeid vil ein måtte forvente motstand frå status quo.
Nærnatur og forståing av seg sjølv i eit større system kan styrke immunforsvaret mot negative endringar og gjera både individ og gruppe meir robuste.
Villreinen er eit symbol på natur som både byen og bygda treng, og stabile og gode kommunar er viktig for både villreinen og samfunnet.
Med det me no veit om villreinen og alle brukarane av villreinområda, bør staten tenke seg godt om når dei går vidare med tiltaksplanar og stortingsmelding for villrein og andre tiltak mot nedbygging av natur. Det same må kommunane. Frå eit breiare perspektiv vil det vera til beste for alle om desse to forvaltningsnivåa nærmar seg kvarandre i evna til å tenke meir langsiktig og handle i tråd med prinsippa om berekraftig utvikling og solidaritet. Ikkje minst å unngå å støtte dei som ikkje gjer det.
Bjarte Hestdalen fotografert av Torgeir Wittersø Skancke.