Evig eies kun det tapte?

Når låg du sist på alle fire og studerte ein kvadratmeters aktivitet i ti minuttar, samanhengande?

Tekst: Bjarte Hestdalen, fyrst publisert i Morgenbladet, 29. desember 2022
Lesetid: 10 minutt


Me lever i mennesket sin tidsalder der aukande forbruk og arealbruk har ført til ein dramatisk nedgang i dyrebestandar og ein fare for utrydding av mange artar. Forbruket i vestlege land har auka fleire hundre prosent, og debatten om klima og miljø har mista fokus på kva som verkeleg betyr noko for menneska sitt livsmiljø og verdien av lokale økosystem. Vi er alle ein del av eit økosystem, og det beste tiltaket for natur og miljø er å la det vere urørt frå irreversible inngrep og å styre menneskeleg ferdsel. Villreinen har hamna på raudlista etter å ha levd saman med menneske i meir enn 40 000 år. Hovudsyndaren er vår arealbruk, min og din.

Alt startar i det små, også eg og du. Det kan vera vanskeleg å få auge på og oppleve det ekstraordinære i det ordinære. Forbrukarsamfunnet utnyttar hormonane som styrer kjenslene våre for å påverke oss. Menneska er avhengige av naturmangfald for overleving og trivsel i naturen, men har gløymt kvifor. Me byggjer hytter og nyttar naturen som rekreasjon og kulisse i næringssamanheng, og fokuserer meir på aktivitetar enn på å opplevingar og relasjon. Dette gjeld og villreinjakta.

Dette fører til eit for mange, usynleg forbruk av areal, tap av artsmangfald og på veg til å bli ein monokultur, som står i kontrast til biologisk og kulturelt mangfald. Endringar i landskap og biodiversitet kan vera vanskeleg å oppdage der mange knapt huskar korleis livet såg ut for eit år sidan. Spesielt blir dette synleg mellom generasjonar, der den yngste ikkje forstår den eldste sine refleksjonar om tap eller endringar. På mange vis er vår menneskelege aktivitet så suksessfull at vegen mot globalisering, effektivitet og inntening er så stor at me gløymer å vera kritiske premissleverandørar for endringane i våre lokalsamfunn og tradisjonar. Sidan byrjinga på moderniteten på 1800-talet, der Noreg hadde 1 million innbyggarar og 90 % arbeida i primærnæringane, er rollene no snudd opp ned og hastigheita i alle samfunnsaktivitetar har auka år for år med vekst som hovudmål.

Noreg passerte datoen for overforbruk av våre fornybare ressursar i år, den 12. april 2023. Dette er eit reknestykke som viser når ein har bruka opp dei fornybare ressursane ein har i eit normalt år. På verdsbasis er denne datoen sett til 27. juli 2023, grunna u-land som forbrukar langt mindre.

Ein tradisjonsberar for livet

Villreinen og jegeren har over lang tid bore tradisjonar og vore kulturberar for fjellområda i Noreg. Fjell-livet, forvaltninga, matauk og respekt for naturen har stått sentralt. Livet med grådyra har tvinga generasjonar med jegerar til å måtte tilpasse seg ver, vind, sesong og temperatur. Dette har vore ei jakt i roleg tempo og etter naturens spelereglar. For mange har fjellet vore ein arena der ein har kunna oppleve og erfare nærheit til heile økosystem med villreinen som symbolart. Fjellområda og villrein har på mange måtar definera og gjeve identitet til både stader og fjellfolk, og vidare erfaringar, karaktertrekk og evner tilpassa hjå folk over tid. Slik sett heng biologisk og kulturelt mangfald saman og mange med nær tilknyting til fjellet føler derfor no at tilværselen er truga.

Nesten all menneskeleg utvikling handlar i ein eller grad om hastigheit. Frå utbygging av 5G nett, kraftproduksjon, nye bilvegar til aktivitetane i nettopp fjellområda der ein no ser att fartsauken til og med har teke at villreinen, jakta og forvaltninga. Me jaktar meir effektivt enn før med radio, GPS og samarbeid, me flyr og køyrer til og frå jakthytter i stort mon, me betalar mykje for dyra, brukar områda heile året til både gode og dårlege formål og fokuset på god forvaltning blir ofte bytt ut med trofejakt og konkurranse. Både villreinen og fjellmennesket blir lidande. Kva er du, ditt fjellområda, di bygd utan villrein? Høg hastigheit fører neppe til trivsel verken for villrein eller fjellfolk.

Ein kan ikkje lage egg av omelett

Nokre av dagens helseutfordringar for folk er knytte til mangel på kontakt med naturen og innsikt i naturlege årsakssamanhengar. Høg livshastighet, sosial ulikskap og økonomiske problem forverrar situasjonen, og verdiar i livet kan bidra til risiko eller motstandskraft. I naturen er me i utgangspunktet meir like og mange finn meining i opplevingar og relasjon til dyr og område. Helge Ingstad sa så treffande at det er blant menneskje at einsemd blir til, og det er eit alvorleg varsku når ein no med tap av kulturelt og biologisk mangfald, for fyrste gong i historia har risiko for faktisk fysisk einsemd der ein mistar andre artar. Dette blir eit tilleggsmoment som samfunnet ikkje har høve til å demme opp for verken med medisin eller terapi.

Me kan ikkje fråskrive oss ansvaret for å forhindre vanhelse for framtidige generasjonar folk og dyr. Me må oppnå balanse og likevekt med naturen, begrense overforbruk og forstå konsekvensane av våre handlingar på lengre sikt. Samfunnet treng eit stabilt forhold til naturen, uavhengig av politiske svingingar og utbyggingsplanar. Farten må ned og kvilepuls må tilleggas støre vekt i alt frå jakt til arealpolitikk.

Eigenverdi og potensiale

Alt i naturen, også menneska, har eit realiseringsbehov og ein moglegheit for å nå sitt potensial. Det same gjeld samfunn. Dette potensialet har ein funksjon og påverknad på alt rundt og skapar kvalitetar og eigenverdi. Dei fleste kan einast om at det er lett å sette ein verdi på olje, gass, tømmer, mineral og gjenstandar, men det er ikkje like lett med urørt natur, upåverka dyreliv, ein heilt svart stjernehimmel, åndeleg påfyll og stille ein kald haustmorgon.

Naturen har stor eigenverdi, men leveområda til symbolartar som villrein har krympa på grunn av manglande kontroll og pulverisering av ansvar mellom kommunar. Sjølv om Naturmangfaldlova forbyr bygging i verneområde, er Plan- og bygningslova den viktigaste lova for arealbruk. Den er sektorovergripande, har klare retningslinjer for berekraftsprinsippet og moglegheiter for kommunar å endre planar hvis det er fornuftig, men er svak på å ta omsyn til summen av alle inngrep. Prioriteringar blir til slutt folkevalde si avgjerd, og det er på tide å spørje om lokaldemokratiet klarar å handtere naturspørsmål og vidare ein planvask av alle eksisterande kommuneplanar. I dag ligg konsekvensutgreiingane i utbyggarar si hole hand, og planane for framtidig utbygging i Noreg er enorme. Berre for hytter er det sett av areal tilsvarande over 200 000 fotballbanar, mykje av dette i villreinens leveområde. Samfunnet bør få eit relasjonelt forhold til naturen, som ikkje svingar i takt med fireårsperiodane til politikken.

Ein vanleg misforståing har vore å kjempe for sjølvråderett til å kunne gjera som ein vil, mens det som det lokale sjølvstyre treng er å ta vare på det arealet og dei ressursane ein rår over på ein berekraftig måte. Vidare har mange kommunar gløymt at det som skjer utanfor verna område ofte har stor påverknad inn i verna område.

Fellesskapleg kunnskap er viktig for naturforvalting og samfunnspolitikk. Menneske aksepterer ofte naturtap for eigen vinning, men det er viktig å ha kunnskap og identifisering av lokale naturverdiar for å forstå kva som går tapt. Det krev stor innsats frå fagpersonar å etablere felles forståing og formidle våre lokale naturverdiar og arv. Ville du sett ein uinteressert bussjåfør til å utføre hjartekirurgi?

Villreinforskinga, forvaltninga og politikken står ovanfor store utfordringar med polarisering og mistillit. Kvart miljø har fått kverna sin historie og eigne prosjekt har fått vekse fritt og står i kontrast til kunnskap som er erverva over lang tid. Det framstår som historielaust når ein set all kunnskap og forsking i tvil utan sjølv å bruke same kritiske tenking.

I tillegg er det naturleg å stille spørsmål rundt kva krav politikken har til seg med arealarbeidet når ein vel å sanere heile reinsdyrstammer, som i Nordfjella. Lite har skjedd medan området har ligge brakk med omsyn til restriksjonar eller forbetringar for villreinen ved ein eventuelt repopulasjon. Det er i slike samanhengar lett å peike  på at lokalstyra kjempar mot CWD tiltak, men vil heller ikkje gjere noko med kjernen av problemet. Ansvar bør tilleggas der ansvaret ligg.

Negative kjensler tærer

Vestlege politiske parti som har fokusert på forbruksvekst slit no med å finne ein berekraftig veg framover, spesielt i kommunane der eigne interesse ofte blir prioriterte. Å oppnå fellesskapet sitt beste krev mindre egoisme og meir ambisjonar på fellesskapet sine vegne, og ein vilje til å erstatte negative følelsar med kunnskap og søk etter beste løysingane for naturen. Ein endring frå vekst til drift og forvaltning er nødvendig for å beskytte og gjenopprette øydelagt natur, trekkruter og beiteområde. Negative følelsar kan skape handlingsrom, men kan også føre til reaksjonære handlingar og populisme. Det er viktig å finne rett medisin for å handtere problem knytt til klima, miljø, natur og villreinen.

Kva lærer skulen?

Oppdragarar manglar sjølv oppdragelse, sa Arne Næss. Det finst enormt mange kloke hovud som no brukar evnene sine på å forvalte eigen vinning. Villreinen og kommunane treng kloke hovud som kan jobbe på tvers av politiske retningar for å takle problem. Kommunar i Noreg styrer arealpolitikken, men dei manglar naturkompetanse og visjonar. Delar av næringslivet er langt framme i miljøarbeidet, medan staten og kommunane er langt bak. Albert Einstein sa at om du gjer det same om igjen og ikkje ynskjer resultatet du får, må du gjere noko anna. Mange oppdragarar aksepterer naturtap så lenge dei kan køyre Rolls-Royce på livets veg, om så vegen går til helvete.

Kva kan me gjera?

Me treng ein moderne og lokal dannelsesreise for å unngå å bli blinde for villreinens miljø og økosystem. Naturnærheit er ein viktig motvekt til å overvurdere eigne behov og styrker vår evne til å ta gode val for framtida. Lokalt, nasjonalt og internasjonalt ser vi auka engasjement for villrein, inkludert protestar mot lokale inngrep og utbyggingsplanar, samt stortingsmelding, kvalitetstnorm og FN-avtalar for å verne 30% av land og hav innan 2030. Deling av kunnskap og å vise tydelege standpunkt kan bidra til å forme politikk og styrke tilliten til demokrati, forvaltning og forsking.

Fokuser på naturvern og berekraftig bruk. Lær å kjenne og ta vare på naturen rundt deg. Identifiser og auk lokal livskvalitet og samarbeid med andre artar. Jobben du gjer i å ta vare på all natur vil få avkasting i framtida, også for villreinen.

Forbruk mindre og bli meir robust. Stø naturforvalting basera på kunnskap og dei som vernar naturen.

God naturnær fjelltur, gode villreinopplevingar og kom deg ned på alle fire!

Foto: Bjarte Hestdalen