La villreinen leva!

Foto: Asle Øydvin.

– Det er vår plikt å berge villreinen, seier Bjarte Hestdalen. Han er leiar i foreininga La villreinen leva!

La villreinen leva! er den første landsomfattande organisasjonen i sitt slag.

– Det er på høg tid at grasrota organiserer seg for å ta vare på den unike villreinen og leveområda hans. Gir du villreinen eit godt vern, tek du samtidig vare på mange andre artar i området, seier Bjarte Hestdalen.

Norge er det siste landet i Europa med vill fjellrein. Samtidig lyser faresignala: villreinen er på raudlista som nær trua, og tilstanden i seks av ti nasjonale villreinområde får karakteren «dårleg».

– Villreinen er dyret som har klatra så høgt det kan for å overleva, men som ikkje kjem høgare. Det tronar på toppen av fjella og er ikkje berre symbolet på vår naturarv, men eit barometer på heile økosystema, seier Hestdalen.

Vegar, kraftbyggingar, hytter, menneskeleg ferdsel splittar opp og sperrar for reinen i alle dei 24 fjellområda i Sør-Norge. Tidlegare kunne villreinen vandre fritt mellom mange av desse.

La villreinen leva! vil at reinen skal prioriterast først i alle saker som kan påverke dyra og leveområda. Kunnskapsgrunnlaget er solid og godt dokumentert over fleire tiår frå Norsk villreinsenter, Nina med fleire.

Formål med organisasjonen

Foreininga vart stifta 25. august 2024 på Beitosdølen.

• La villreinen leva! skal kjempe for å ta vare på villreinen og alle dei 24 leveområda til villreinen i fastlands-Noreg, i tråd med dei nasjonale og internasjonale forpliktingane våre.

• La villreinen leva! meiner at villreinen skal prioriterast fyrst i alle saker som kan påverke dyra og leveområda. Når ein tek vare på villreinen, tek ein samtidig vare på mange andre artar som lever i dei same områda. Kraftindustri, vegar, idrettsanlegg, hus og hytter har innskrenka og stykka opp leveområda til villreinen, i tillegg forstyrrar menneskeleg ferdsel. Arealinngrep i randsonene og i villreinområda må stansast, og menneskeleg forstyrring må reduserast.

• La villreinen leva! skal vera ein modig og konstruktiv bidragsytar til samfunnsdebatten om villrein, høgfjellsøkologi, naturmangfald og berekraft.

• La villreinen leva! vil arbeide for å gjeva villreinen status som Noregs nasjonaldyr.

Styret i La villreinen leva!

Bjarte Hestdalen (leiar)
Guri Sørumgård Botheim (nestleiar)
Jon Bakke
Rigmor Solem
Jan Øvregård
Asta Eikemo
Gro Heitkøtter (vara)  
Asle Øydvin (vara)

Styret i La villreinen leva! på stiftingsmøtet på Beitosdølen. Frå venstre: Rigmor Solem, Jon Bakke, Gro Heitkøtter, Jan Øvregård, Asle Øydvin og Guri Sørumgård Botheim. Bjarte Hestdalen deltok digitalt på stiftingsmøtet. Foto: Svein Sæter.

Om styret

Bjarte Hestdalen (leiar), Vinje: er skribent, lokalpolitikar og tilsett som pedagog i NAV Vest-Telemark. Bjarte er aktiv i Hytteopprøret og medlem i villreinnemda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell, Norefjell-Reinsjøfjell.

Guri Sørumgård Botheim (nestleiar), Dovre: er forfattar og tilsett som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Guri er òg styremedlem i Bevar villreinen i Rondane.

Jon Bakke, Bergen: er jurist og tilsett i Norges Miljøvernforbund. Jon er medlem av overvakingskomitéen for Interreg ØKS.

Rigmor Solem, Vik i Sogn: er drivar av ein høgdegard i Framfjorden, og tidlegare fjelloppsyn og naturoppsyn (SNO) på Hardangervidda og Jotunheimen i 40 år. Rigmor er styremedlem i Utladalen Nasjonalparksenter i Årdal.

Jan Øvregård, Ullensvang: har arbeidd som vaktmeister i Ullensvang kommune og gjekk av med AFP for to år sidan. Jan har stor interesse for naturvern og dyrevelferd.

Asta Eikemo, Bergen: er litteraturstudent og naturvernforkjempar. Ho har gått på villmarkslina ved Voss vidaregåande skule og studert journalistikk ved Høgskulen i Volda. Asta er òg aktiv i Natur og Ungdom.

Gro Heitkøtter (vara), Sel: er rosenterapeut og instruktør i rosenmetoden. Gro er òg styremedlem i Naturvernforbundet Ottadalen og Sel og Bevar villreinen i Rondane.

Asle Øydvin (vara), Eidfjord: er hobbyfotograf og jeger, og arbeider i Nordsjøen. Asle bur innerst i Hardangerfjorden med Hardangervidda som næraste nabo.