Skal det vera villrein eller vin til desserten?

Når det å redde villreinen berre er verdt 10 millionar kroner, medan julebordsesongen for våre kjære toppstyreorgan kostar nær 5 millionar kroner, kan vi trygt slå fast kva som ligg øvst på prioriteringslista. Éin kveld i året, der kollegaer feirar samarbeid, skapar samhald og nyter ein dessertbuffet.
Regjeringa har sett av 10 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025 til alle tiltak for villrein og villreinfjella – eit område som dekkjer 22 % av Sør-Noreg. Totalt er det sett av 170 millionar kroner til naturen – alt frå lakselus til skogvern. Det er ikkje mykje til ein natur som skal redde både klimaet og framtida vår.
Når årets julebordsesong et opp nesten 3 % av budsjettet for naturen, skapar det verkeleg tillit til at dei som styrer oss, leier oss inn i ei bærekraftig framtid?
Tips til regjeringa: Dropp desserten på julebordet og send pengane til naturen. Villreinen hadde vore takksam – kanskje han til og med hadde delteke i revyen.
Les sak i Dagbladet her
Foto: Skjermdump frå Dagbladet-saka