Bevaringsarbeidet for villreinen fortset og dei konkrete forslaga for å forbetre tilhøva er, dessverre, under press.
I tillegg til arbeidet vårt med innspel til regjering og departementet vil vi i tida framover fylgje opp dei ulike kommersielle aktørane i villreinområda våre. Det er dei, som per nå, styrer mykje av bruken av villreinfjella og som i stor grad ynskjer å behalde eller forsterke eigen aktivitet og posisjon.
Tør politikken utfordre næringslivet for dyras ve og vel?
Ferdsel er det som i dag er minst regulerbart og som kanskje treng størst debatt med eit endra friluftsliv og aukande turisme til Noreg. Her står DNT (Den norske turistforening) sentralt!
Leiar Bjarte Hestdalen og nestleiar Guri Sørumgård Botheim har skrive eit innlegg om DNT i Fædrelandsvennen.