14. august 2024, nokre dagar før La villreinen leva! vart stifta, hadde Bjarte Hestdalen ein kronikk på trykk i Aftenposten. Her skriv han om villreinen, friluftslivets ansvar, om økonomi og økologi.
Sitat frå kronikken:
«For at allemannsretten skal leva, må bevaring av naturmangfaldet og villreinen vera premiss, ikkje kulisse».
[…] Etikk og moral får liten plass i økonomiske reknestykke og reiselivets eigenevaluering i villreinområda. Likevel står vi overfor moralske dilemma med dagens arealbruk og overforbruk av natur.
Forbruket er eit brot på vår tradisjonelle binding til naturen og behov for harmoni, forståing og respekt for alt liv.
Vi må revaluere verdiane våre og tilnærmingane våre til natur. Vi må ta vare på det vi allereie har, for å skape verdiar for framtida.»
Heile kronikken i Aftenposten les du her.
Foto: Torgeir Wittersø Skancke