Natursynet til Norman Heitkøtter

Den 15. oktober 2024 var det 100 år sidan Norman Heitkøtter vart født. Han blir gjerne kalla Rondane nasjonalpark sin far. Han tok initiativ til nasjonalparken, og arbeidde der som fjelloppsyn i 40 år. Vi har mykje å lære av natursynet hans.

Her er tala Guri Sørumgård Botheim heldt på markeringa av 100-årsjubileet til Norman Heitkøtter, på Otta.

Lesetid: 7 minutt. Ein kortare versjon kan lesast på trykk i GD.

Natursynet til Norman Heitkøtter

I boka Levende fjell skildrar Norman Heitkøtter lange dagar i fjellet som oppsyn. Han var ikkje akkurat kvisam. Han går timevis utan pause for å sjå etter dyrespor og dyr, for å lære noko og for å finne ut korleis dyra har det.

Han kan vera ute i fleire dagar i strekk. Om vinteren òg.

Han kjem ut for uvêr som ville ha vore livsfarleg for dei fleste av oss. Han rasjonerer maten, held det gåande, finn seg eit krypinn. Han har mange overnattingar i gamle steinbuer, og ofte søv han berre mellom nokre steinar i ein pose av reinskinn.

Han er rågod til å fyre bål.

Naturskildringane

Noko av det mest spesielle med boka, Levende fjell, er dei mange naturskildringane. Eg trur skildringane kan fortelja oss noko om kven Norman Heitkøtter var. Og eg trur vi har noko å lære av natursynet hans.

Norman skildrar fjellet nøyaktig, med eit rikt ordforråd. Høyr på denne skildringa av vatn:

«Utover dagen tar breen til å svette i varmen. Isvatnet drypper fra innhole kvelv, og renner sammen til en rislebekk mellom flate heller. Bekken vokser mot høgstdag og minker ned igjen når natta siger innover vestfjellet. Uavvendelig, slik sommar veksler med vinter. Slik reinblommen skifter fra sin kvite vårdrakt i rødmende skrud mot haustleite. Sildrer står tett etter bekkekanten.»

Fint, ikkje sant?

Naturskildringane er nøysame, dei har noko sobert og nøkternt over seg.

På same måte som Norman ynskjer at naturen skal få vera mest mogleg i fred for oss menneske, vil han at naturskildringane skal få stå utan innblanding av hans eigne følelsar.

Han vil ikkje romantisere.

Naturen er ikkje eit glansbilde, skriv han.

Kveldane som er tyngre enn andre

Nokre gonger er naturen brutal, utan omsorg.

Reinskalven som det er bilde av på framsida av boka, har mista mor si og kjem ikkje til å overleva. Han ser seg nøydd til å avlive kalven.

Altfor mange gonger får Norman auga på skadeskote dyr. Da følgjer han etter, og gjer alt han kan for få avliva dyret, for å skåne det for liding.

Når Norman går til ro om kvelden, etter ei slik hending, prøver han å tenkje at han er glad for å kunne gjera plikta si, at det er bra at han kunne hjelpe. Han vil helst ikkje bli emosjonell. Men som gjennom ei glipe lek det likevel fram nokre følelsar. Desse kveldane klarer han ikkje å halde naturskildringane sine heilt frie for følelsar:

«Uværet tetner til vestpå. Snøelingene henger som kvite slør langs høkanten. Langt borte skimter jeg nå og da steinurene opp mot Digerrondens steile pyramide .. De svartner av væte gjennom drevet. Fjellet gråter visst likevel i kveld ….» (s. 48)

Å vera trygg

Ein ting eg bit meg merke i er at Norman ikkje ein einaste gong skriv at han er redd. Kvifor er han ikkje redd? Fordi han er audmjuk i fjellet, er han trygg.

Ikkje ein einaste gong i boka har Norman behov for å skryte av at han er tøff eller at han meistrar naturen. Dette synest eg at står i skarp kontrast til dagens tur-litteratur, der det gjerne handlar nettopp om å meistre naturen. I det moderne friluftslivet er naturen ei kulisse for sjølvrealisering.

Hjå Norman er det inga posering. Han er ikkje hovudpersonen. Han tek ikkje selfies på toppen av fjell. Linsa er vendt bort frå han sjølv. Han sansar. Han legg seg ned terrenget for ikkje å forstyrre.

Jo, forresten. Det finst ein situasjon der Heitkøtter-brørne tek bilde av seg sjølv.

Det er framfor bålet, med ein svartkjel mellom seg.

Kaffepausa ved bålet. Det finst ikkje noko betre.

Utfordringar for villreinen

Utfordringane som Norman peiker ut for fjellet, dyrelivet og villreinen, er dessverre like gjeldande i dag. Og konfliktlinene er påfallande like.

«Forfallet i naturen har lenge vært godt synlig og skremmende», skriv Norman Heitkøtter i 2002 i forordet til boka. «Planter og dyr får stadig mindre områder å leve på. Dette må det rettes på, og det må prioriteres høgt under mottoet Levende fjell

«Nå er det ikkje fjelltoppene det er fare for, men terrenget omkring: Den verdifulle fjellskogen, randsonen mot snaufjellet, som raseres av palassbygg og alpinanlegg. Bilveger gjennom sårbart høgfjell. Preparerte ski- og skuterløyper vinterstid. Stadige utvidelser av turisthytter m.m.»

Stortingsmeldinga om villrein

Rett før sommaren kom landet si fyrste stortingsmelding om villrein. Villreinen og villreinfjella er sett på dagsordenen det siste året.

Dessverre gjer stortingsmeldinga noko eg meiner er ei feilslutning: villreinen blir sett på som ein motsats til samfunnsinteresser.

«inngrep kan tillatast dersom tungtvegande samfunnsinteresser tilseier det» (s. 96).

Stortingsmeldinga om naturmangfald

I slutten av september kom stortingsmeldinga om naturmangfald. Her finn vi gode intensjonar og villreinen blir trekt fram. Men i denne meldinga òg, blir samfunnsnytta ofte definert som noko anna enn å ta vare på natur.

I lag med stortingsmeldinga om naturmangfald vart det lagt 100 millionar på bordet. Av desse skal 30 millionar gå til naturrestaurering i 2025.

Men kva får ein for 30 millionar i dag?

  • 30 millionar er det same beløpet som éin enkelt forskar i Tromsø har klart å skaffe til å forske på korleis hamstrar går i dvale.
  • 30 millionar er ein tiandedel av det det vil koste å restaurere Frognerbadet i Oslo.
  • 30 millionar er ein tusandedel av det staten bruker på å byggje vegar i år.

Med andre ord: I 2024 byggjer vi vegar for over 30 milliardar, til neste år kan vi i prinsippet ta oss råd til å fjerne vegar for ein tusandedel av dette.

Det er ingenting som tilseier at midlane eller verkemidla som følgjer stortingsmeldinga om naturmangfald snur trenden når det gjeld naturtap.

Kva vil vi at skal skje i framtida?

Kva har tipptipptippoldebarna våre mest lyst til å arve frå oss? Er det motorvegar, pengar i oljefondet, kraftanlegg og parkeringsplassar midt inne i fjellheimen dei har lyst på?

Kva vil ha aller størst verdi for dei?

På 1970-talet kjempa Heitkøtter-brørne mot ei gigantisk kraftutbygging i Jotunheimen. 50 elver og 15 vatn var planlagt regulert. Eg trur ikkje mange av oss som sit her i dag, er lei oss for at prosjektet vart stoppa.

Kan vi la oss inspirere av Norman Heitkøtter og ta til motmæle mot nedbygginga av natur?

Kan vi la oss inspirere av mottoet levande fjell?


Av: Guri Sørumgård Botheim
Forfattar, nestleiar i La villreinen leva!, styremedlem i Bevar villreinen i Rondane

Under: plakat frå markeringa på Otta
Foto: Frå Heitkøtter sitt arkiv