Innspel til stortingspartia

La villreinen leva! har levert eit innspel til programkomiteane i alle dei politiske partia på stortinget. Programkomiteane arbeider allereie nå med partiprogramma sine for neste stortingsperiode. Vi oppfordrar dei politiske partia til å programfeste arbeidet sitt for villreinen.

Her er forslaget vi har sendt inn:

Støtt villreinen!

Vi foreslår følgjande punkt til partiprogrammet dykkar:

  • Ta vare på villreinen sine interesser, slik at vi oppfyller vårt internasjonale ansvar for arten.
  • Restaurere villreinen sine leveområde i Noreg.
  • Utnemne villreinen som Noregs nasjonaldyr.

Forklaring

Villreinen er truga frå mange hald, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på og å verne denne unike arten og leveområda til arten. Dette må skje gjennom kraftige, forpliktande tiltak på kort og lengre sikt. Eit godt vern av villreinen bidreg samtidig til å ta vare på mange andre artar i dei same områda. Det er stor sosial aksept for tiltak, og mange forventar at symbolarten vår no blir teke på alvor.

Vi ynskjer at stortingsvalet i 2025 blir eit verdival for villreinen.

Foto: Asle Øydvin